Dalmatia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dalmatia (kroatisk: Dalmacija, italiensk: Dalmazia) er eit område på austkysten av Adriatarhavet i dagens Kroatia. Området strekkjer seg mellom øya Rab i nordvest og Kotorbukta i søraust. Det indre Dalmatia (Dalmatinska Zagora), er om lag 50 km breitt i nord, men berre eit par kilometer breitt i sør.

Det kroatiske Dalmatia består i dag av fire fylke og dei store byane Zadar, Šibenik, Split og Dubrovnik. Av andre byar finn ein Biograd, Kaštela, Sinj, Solin, Omiš, Knin, Metković, Makarska, Trogir, Ploče, Trilj og Imotski.